...

Nekta å fjerna seg

Vart sett i arrest.

Eli Grotle E-post
Publisert 09.02.2010 kl 15:15 Oppdatert 09.02.2010 kl 15:22

Tips ein venn på e-post:


Den unge lustringen nekta å fjerna seg då politiet bad han forsvinna frå Storgata i Jessheim ei søndagsnatt i november.

Politiet skulle halda ro og orden i bybiletet med mange rusa folk samla på ein stad. Lustringen var ein av dei som fekk streng beskjed frå politiet om å fjerna seg. Sikta forlet staden og gjekk vidare, men han etterkom ikkje kravet om å fjerna seg heilt frå Storgata. Han vart då pågripen og sett i arrest.

Retten meinar mannen allereie har fått ein straffereaksjon sidan han vart sett i arrest, og meinar difor at bota på 9000 kroner som politidirektivet legg opp til, blir for strengt.

Sogn tingrett konkluderer med at mannen i 20-åra skal betala 4000 kroner i bot for den fuktige kvelden i Jessheim. Vel han å sona den subsidierte straffa som er åtte dagar fengsel, skal det trekkast frå to dagar for uthalden varetekt.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.