...
FEKKE GJENNOMSLAG: Rune Blikken og Norsk Folkehjelp Årdal fekk ja frå formannskapet på søknaden om å driva snøskuteropplæring på Sletterust Foto: Kjell Eldegard

Fekk ja i formannskapet

Rune Blikken og Norsk Folkehjelp Årdal har formannskapet i ryggen i saka om å driva snøskuteropplæring lokalt i Årdal.

Kjell Eldegard E-post
Publisert 09.02.2010 kl 14:15 Oppdatert 09.02.2010 kl 14:15

Tips ein venn på e-post:


– Me er sjølvsagt glade for at formannskapet i Årdal sa ja til søknaden vår om dispensasjon til å driva skuteropplæring i øvingsområdet me har løyve frå grunneigaren til å bruka på Sletterust. Det samrøystes vedtaket i formannskapet er også veldig viktig for oss i denne saka, seier beredskapsansvarleg Rune Blikken i Norsk Folkehjelp Årdal.

Samrøystes

– Så du reknar ikkje med at siste ordet er sagt i denne saka?

– Det er det truleg ikkje. Me er nok ikkje i mål enno, men eg håpar at det skal gå seg til. Og i den samanhengen er det viktig å ha dei lokale styremaktene i ryggen, seier Blikken.

Formannskapet sa tysdag samrøystes ja til til dispensasjonssøknaden frå Norsk Folkehjelp, og gjekk såleis mot tilrådinga frå rådmannen i denne saka.

Les meir om dette i papirutgåva av Sogn Avis onsdag.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.