...
TIL TOPPS: Stian Langeteig frå Sogndal vann NM for vinkelnarar. Foto: Aperitif

Stian på vintoppen

Gjekk til topps i vinkelner-NM.

Publisert 09.02.2010 kl 13:39 Oppdatert 09.02.2010 kl 13:41

Tips ein venn på e-post:


– Det kjennest bra, og det er utruleg morosamt, seier sogndølen Stian Langeteig.

Han er til dagleg vinkelner på restauranten swedish taste i Göteborg. I helga fekk han testa kunnskapane i ein omfattande konkurranse. Dei 12 deltakarane måtte først igjennom ei skriftleg prøve, på engelsk, med mange spørsmål om teori, mellom anna ei vinliste med feil i, som deltakarane skulle retta.

Teorien omfatta elles alt av drikkevarer og produksjon, samt sigarar. Så var det blindsmaking av vinar og sprit, der vinane skulle skildrast best mogleg. Deltakarane måtte og definera type sprit og kvar den kom frå. Dei tre som gjekk vidare måtte gjennom ein ny runde med blindsmaking, og svara måtte framførast munnleg, på engelsk. Vidare stod dekantering på programmet, og i tillegg måtte dei anbefala øl til ein femrettars meny.

– På slutten fekk me ei surprise-oppgåve. Me skulle skjenkja 18 glas champagne frå ei magnumflaske. Hellinga i kvart glas skulle vera kontinuerleg, mengda i kvart glas skulle vera lik, og flaska skulle vera tom til slutt, seier Langeteig.

Sogndølen gjekk til topps i konkurransen. Han stilte og i fjor, og då vart han nummer to av 13 deltakarar.

Stian Langeteig har teke utdanninga si i Sverige, og har jobba på swedish taste sidan september i fjor. Ein vinkelner jobbar med alle typar drikkevarer, innkjøp, og det å setja saman mat og drikke. Vinkelnarar held også litt smaking for folk, og arrangerer mindre kurs.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.