Stoppa på Kaupanger i ettermiddag.
| Sigrid Svartefoss | |
| Publisert 08.02.2010 kl 17:57 Oppdatert 09.02.2010 kl 19:04 |
I 170 km/t suste bilisten inn i ein UP-kontroll i 80-sona på Kaupanger kl. 14.15 i dag. Personen fekk førarkortet kverrsett på staden, og må berre bu seg på å vera fotgjengar ei god stund framover.
– Galematias. Me har ikkje vegar her i landet til så høg fart, korkje på sommar- eller vinterføre. Beklageleg, men det også godt at bilisten vart teken. Det vil verta oppretta sak, seier Dag Øyen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.
I tillegg fekk to bilistar forenkla førelegg i kontrollen.
Send inn foto frå den flotte og kalde vinteren vår til nett@sognavis.no eller som MMS med kodeord SOgn til 1982
Les meir
Nye kommentarar