Klokka 10.00 måndag føremiddag måtte styreleiar og dagleg leiar Trond Øyen Einemo gå den tunge vegen til tingretten og begjæra oppbod for selskapet Lærdal Entreprenør.
Korrespondanseskyting Knipenborg
Km langdistanse lagrenn på Langeland
Send inn foto frå "kom deg ut"-dagen 7. februar til nett@sognavis.no eller som MMS med kodeord SOgn til 1982
Les meir| Publisert 08.02.2010 kl 17:03 Oppdatert 08.02.2010 kl 17:10 |
– Veldig synd, dette var på ein må hjartebarnet, seier Øyen Einemo til Sogn Avis.
19,5 årsverk
Selskapet tel 19,5 årsverk, av desse ni polske arbeidarar som er tilsette på norske vilkår. Alle blir no utan arbeid.
Øyen Einemo seier konkursen heng samen med akkorden dei fekk i mars i fjor.
– Me kom oss aldri opp att etter det. Det har ikkje vore teikn til betring på noko tidspunkt, og då er det best å gje seg før tapa blir alt for store. Me har prøvd å snu alle steinar i denne prosessen, men det var ikkje meir å henta.
Lærdal kommune gjekk inn med eit ansvarleg lån på 1,5 millionar kroner i Lærdal Entreprenør as i mars i fjor etter eit vedtak i formannskapet 11. mars. Dette var etter krav frå banken om å skaffa to millionar kroner i ny kapital i selskapet. Ansvarleg lån stiller likt med aksjekapital nå det gjeld tryggleik.
Tenkjepause
– Kva gjer du no?
– Eg må svelgja unna dette fyrst, så får me sjå. Men akkurat no har eg ingen spesielle planar eller mål. Men det er klart at det er mykje du kan driva med. Som sagt må eg fordøya dette litt no, så må eg ha motivasjon til å engasjera meg att i eit eller anna. Noko blir det i alle fall.
Send inn foto frå den flotte og kalde vinteren vår til nett@sognavis.no eller som MMS med kodeord SOgn til 1982
Les meir
Nye kommentarar