...
Fjærland skule. (Arkivfoto)

Elevar etterlyser rektor

Elevane på mellomsteget ved Fjærland skule treng rektor, og går nye vegar for å få søkjarar til den ledige rektorstillinga ved skulen.

Publisert 08.02.2010 kl 15:01 Oppdatert 08.02.2010 kl 15:01

Tips ein venn på e-post:


Fylket ropar etter arbeidsplassar for høgt utdanna. Slike arbeidsplassar finst i Fjærland, men vanlege utlysingskanalar når ikkje ut til nok folk, meiner elevane i Fjærland. Difor går dei no til pressa.

– Har alt utanom folk

– I Fjærland har me alt utanom folk! Her finst det jobb, hus til utleige, barnehageplass og masse aktivitetar for born og vaksne, skriv Anne Mari i 6. klasse, medan Kari Sunniva lovar at alle vil bli tekne godt imot.

Stillinga ved skulen er i utgangspunktet vikariat, slik at folk kan prøva ut kva dei synest om både arbeidet og bygda. Elevane ved Fjærland skule er sikre på at eventuelle innflyttarar vil trivast. Hege i 7. klasse opplyser at det finst eit rikt organisasjonsliv for alle aldrar, medan Svein Kristian peiker på at Fjærland ligg sentralt i fylket, og har kort veg for dei som må pendla til Sogn eller Sunnfjord.

Rikeleg grunnar

– Me har mykje som ikkje finst andre stader, til dømes bremuseet og bokbyen, seier Ingunn. Ho blir supplert av læraren, som sjølv er innflyttar.

– Det er plass til nyskapande næringsliv her i bygda. Folk torer å tenkja annleis, og det er høgt under taket for nye idear. Det er ein av grunnane til at me flytte hit. Mentaliteten og samhaldet her var noko som lokka oss, fortel Eivind Ødegård, opphaveleg frå Valdres.

Elevane på si side vonar på ein fast lærar, slik at det blir færre vikarar på skulen, og meiner det skulle vera rikeleg av grunnar til å ta med familien og setja kursen mot den oppfinnsame, trivelege og velorienterte vesle bygda i Sogn.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.