Vart nummer tre i ekstremløp

Roger Fossøy frå Gaupne køyrde inn til ein sterk tredjeplass i hundeløpet Femundløpet på Røros søndag.

Siste nytt frå sporten

...

Vil framleis ha Hovland

Sport Molde har ikkje tenkt å gje opp å skaffa seg Even Hovland. Les meir

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 13 Vikafjellet
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 20 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Rv 15 Måløy - Nordfjordeid, ved Haugland
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
Endre Romøren E-post
Publisert 08.02.2010 kl 14:40 Oppdatert 08.02.2010 kl 14:40

Tips ein venn på e-post:

...
400 KM MED HUND: Roger Fossøy frå Gaupne vart nummer tre på det 400 kilometer langer Femundløpet søndag. Foto: Malfred Fossøy

Løpet gjekk over 400 kilometer, der deltakarane starta fredag føremiddag og kom i mål dryge to døgn seinare.

– Eg er veldig nøgd med å koma på tredjeplass. Eg vart nummer sju i fjor, so dette var ein kraftig forbetring, seier Fossøy, som er busett i Alta.

Ekstremt

Han legg ikkje skjul på at hundeløp er ein sport av den ekstreme typen.

– Det vart ikkje meir enn rundt åtte timar søvn i løpet 50 timane eg var ute i løypa. I tillegg var det opp mot 12 sekundmeter vind og rundt 20 minusgrader. Det er noko av det mest ekstreme ein kan vera med på, seier han.

Deltakarane må kvila minimum 16 timar under løpet, men når ein gjer dette er valfritt. Fossøy tok dermed eit taktisk val og køyrde dei første 210 kilometerane i strekk, utan pause. Han låg lenge på sjetteplass, men køyrde seg opp mot slutten og hadde størst fart av alle på den siste etappen.

Fysisk krevjande

– Ein er nøydd til å vera i utruleg god fysisk form for å lukkast i denne sporten. Ein spring konstant bak hundane heile vegen, og når me er oppe på 1000 høgdemeter seier det seg sjølv at det vert tungt, seier Fossøy, som har bakgrunn frå langrenn og sykling.

– Min gode fysiske form kombinert med at eg har sterke hundar gjorde at eg klatra sopass mykje på resultatlista mot slutten av løpet.

...

Kortare periode med rypejakt

Nyhende Det kan gå mot ein mager sesong for småviltjegerane på Vikafjellet. Les meir

...

Sommarpatrulje-finalen avlyst

Nyhende Av ulike årsaker har me valt å avlysa finalen for Sommarpatruljen til Sogn Avis. Me vil likevel plukke ut vinnarar av SognaQuiz og SognaTriks. Les meir

Dronninga planta plommetre

Nyhende Dronninga vitja torsdag Ornes der ho mellom anna deltok i gudsteneste i stavkyrkja og planta pommetre. Les meir og sjå bilete

...

Vil framleis ha Hovland

Sport Molde har ikkje tenkt å gje opp å skaffa seg Even Hovland. Les meir

...

Innspurt for sommarfoto

Nyhende Har du fine sommarbilete og vil vera med i konkurransen om kurs frå Sogn Avis? Les meir

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.