...
NY LEIAR: Finn Roald Skare er valt til leiar i Luster Ap. Krav om tunnel under Sognefjellet er ei sak den nye partileiaren må stå i front for i tida framover. Foto: Odd Atle Stegegjerdet

Vil ha Sognefjellstunnelen

Årsmøtet i Luster Arbeidarparti vil ha utgreidd tunnel frå Fortun til Bøverdalen, som del av ein framtidig stamveg mellom Stavanger og Trondheim.

Kjell Eldegard E-post
Publisert 08.02.2010 kl 11:48 Oppdatert 08.02.2010 kl 11:48

Tips ein venn på e-post:


Luster Arbeidarparti har hatt sin del av interne stridar å hanskast med dei siste åra. No har partiet valt å sjå litt utover eigne kommunegrenser, og på årsmøtet var det tunnel under Sognefjellet, frå Fortun til Bøverdalen eller Leirdalen på austsida av fjellet, som var hovudtema.

Ferjefritt

– Luster Ap vil arbeida for realisering av Sognefjellstunnelen som eit første trinn i eit ferjefritt stamvegsamband mellom Stavanger og Trondheim, og oppmodar fylkespartia langs sambandet til å setja saka på dagsorden snarast råd, skriv Luster Ap i ein uttale frå årsmøtet sitt.

Noko som betyr at dei utfordrar så vel Sogn og Fjordane Ap, som fylkespartia i Rogaland, Hordaland, Oppland og Sør-Trøndelag til å ta tak i denne stamvegsaka.

Det blir synt til at Sogn Regionråd har pussa støvet av saka om tunnel under Sognefjellet, og at fagfolka i Statens vegvesen har sagt at dette er visjonar som det er fullt mogleg å realisera. Gjeve at viljen er til stades.

Langsiktig

Ein tunnel under Sognefjellet vil bli mellom 17 og 24 kilometer lang, avhengig av kva trasé som blir valt. Luster Ap er klar over at eit slikt vegsamband vil krevja store investeringar, og kan sjåast som uoppnåeleg i eit kort tidsperspektiv.

Men årsmøtet i Luster Ap meiner at ein må tenkja langsiktig i denne saka, og det blir synt kva som har skjedd med samferdsla i Indre Sogn i løpet av dei siste 25 åra. Dei meiner at det var dei færraste som skjønte rekkjevidda og moglegheitene som låg i at samband som Årdal – Lærdal – Kaupanger, Fjærlandsvegen og Lærdalstunnelen skulle bli realisert. Og at ein no i tillegg er på god veg til å rusta opp desse vegane vidare, både mot aust, vest, sør og nord.

– I eit slikt perspektiv er ein innsats for Sognefjellstunnelen både realistisk og naudsynt, skriv Luster Ap i uttalen sin.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.