Teken av snøskred

Kvinne frå Indre Sogn ligg kristisk skadd på sjukehus i Innsbruck.

Kjell Eldegard E-post
Publisert 07.02.2010 kl 17:56 Oppdatert 07.02.2010 kl 17:58

Tips ein venn på e-post:


Ei kvinne i 40-åra frå Indre Sogn ligg på sjukehus i Innsbruck kritisk skadd etter at ho vart teken av snøskred i fjellområdet ved vintersportsstaden St. Anton i Austerrike laurdag. Kvinna var med i eit følgje på fire, og i ei skråning på vel 30 grader vart ho teken av eit om lag 15 meter breitt snøskred.

Førstehjelp

Dei andre som var med i følgjet, fekk kvinna ut av snøskredet etter om lag 15 minuttar, og gav henne førstehjelp til ambulansehelikopter kom fram. Ifølgje nettavisa tt.com. vart kvinna først sendt til sjukehus i byen Zams.

Ho vart seinare sendt vidare til sjukehuset Insbrucker Klinik i Innsbruck. Nettstaden tt.com skriv at tilstanden til kvinna skal vera kritisk.

Sogn Avis var søndag ettermiddag i kontakt med kommunikasjonseininga i Utenriksdepartementet. Pressekontakten der, underdirektør Ragnhild Imerslund, fortel at departementet ikkje har fått noko melding om ulukka, men at dei er kjende med den gjennom media.

Ifølgje tt.com var det dårleg vêr i St. Anton-området laurdag. Det var snøskredfare målt til styrke tre i ein skala frå ein til fem i regionen.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.