...
OMORGANISATOR: Politimeister Johan Brekke går no laus på konkrete løysingar for omorganisering av lensmanns- kontora i Sogn og Fjordane. Foto: Geir Bjarte Hjetland

Vil kutta lensmannskontor

Politimeister Johan Brekke går no inn for å leggja ned Leikanger lensmannskontor. Truleg følgjer både Aurland og Balestrand etter.

Geir Bjarte Hjetland E-post
Publisert 05.02.2010 kl 16:06 Oppdatert 05.02.2010 kl 16:06

Tips ein venn på e-post:


Toppsjefen for politiet i Sogn og Fjordane tek no bladet frå munnen, og går konkret inn i arbeidet med å omorganisere lensmannsdistrikta i fylket. Først ute er Leikanger, og torsdag informerte han kommunestyret om kvifor han ønskjer å leggja ned lensmannskontoret.

Vil tenkja nytt

Per dags dato har kontoret berre to stillingar, lensmann og kontortilsett. Desse stillingane vil bli flytt til Sogndal, dersom politimeisteren får det slik han vil.

– Det er 23 lensmannskontor i Sogn og Fjordane, av desse har 11 mellom ein og tre stillingar. Skal me klare å skapa den naudsynte tilliten til politiet og få utnytta dei ressursane me har best mogleg, er me nøydde til å tenkja nytt, seier Brekke.

I midtre og Indre Sogn er det fleire små lensmannskontor og truleg vil både Aurland og Balestrand følgja etter Leikanger og bli samanslegne med større kontor. Brekke vil ikkje seia noko konkret om dette enda, men peikar mellom anna på at lensmannen i Lærdal no er konstituert som lensmann i Aurland etter at Kjell Nordgulen gjekk av med pensjon.

Les meir om saka i Sogn Avis i dag.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.