...
KLAR FOR DANSK ELITESERIE: Morten Christensen har skrive under for den danske eliteserieklubben Esbjerg. Foto: Arkivfoto

Christensen klar for Esbjerg

Meiner åra i Sogndal har gjort han til ein betre duellspelar.

Endre Romøren E-post
Publisert 05.02.2010 kl 14:32 Oppdatert 05.02.2010 kl 14:40

Tips ein venn på e-post:


Morten Christensen har skrive under for den danske eliteserieklubben Esbjerg.

Midtstopparen fekk ikkje fornya kontrakten med Sogndal etter 2009-sesongen, og går dermed gratis til sin nye klubb, der han har skrive under for eit halvt år foreløpig.

– Eg gler meg til å koma attende til dansk fotball, og vil visa at eg stadig har ambisjonar. Eg håpar å få sjansen, sjølv om eg er klar over at eg er henta som ein backup-spelar, seier Christensen til klubben sin nettstad.

– Bedre duellspelar

31-åringen seier vidare at åra i Sogndal har gjort han til ein betre duellspelar.

– Eg har nok ikkje blitt ein betre fotballspelar i Sogndal, men eg har blitt ein mykje betre duellspelar. Det er meir duellspel i feltet i Noreg enn i Danmark, og da vårt lag ikkje var like sterke fysisk som motstandarane våre lærte dette meg mykje, seier han.

– Morten er ein god spelar, som vil vera god å ha ved skadar og suspensjonar i laget. Han har mykje rutine fra det nest øvste nivået i Noreg, og spelte på eit lag som trass alt var millimeter frå å rykka opp til eliteserien, seier sportsdirektør i Esbjerg, Niels Erik Søndergaard.

Visekaptein

Christensen kom til Sogndal i 2006, spelte totalt 116 kampar for klubben og var i ein periode visekaptein bak Rune Bolseth.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.