...
LOVAR HANDLING: - Eg lovar at nemnda vil følgja nøye med. Dersom det ikkje vert skote jerv i lisensjakta, vil me ta saka opp med miljøverndeparte mentet og Direktoratet for naturforvaltning, seier Norvall Nøringset, leiar i rovviltnemmnda sone 1. (Arkivfoto)

Vil ta jervesaka vidare

Vert det ikkje skote jerv under lisensjakta i Sogn, vert det vurdert at SNO skal ta ut jerv.

Sigrid Svartefoss E-post
Publisert 04.02.2010 kl 13:16 Oppdatert 04.02.2010 kl 13:16

Tips ein venn på e-post:


– Jerven er problemet, og nemnda prioriterer å ta ut jerv der det var store skader i fjor. Då gjorde jerven størst skade i Leikanger og Suldal. Difor går nemnda for at det vert vurdert ekstra tiltak som å ta ut jerv på dei to stadene, seier Norvall Nøringset, leiar i rovviltnemnda sone 1.

Lisensjakta på jerv varer fram til 15. februar. Førebels er det ikkje kome melding om at det er nokon som har kome på skothald og skote jerv her i fylket. Kvoten under lisensjakta er seks dyr.

Medlemene i rovviltnemnda har hatt møte på Leikanger, der dei drøfta korleis ein kan unngå at rovdyr som jerv kan gjera store skader på beitande sauer også til sommaren.

– Me er i dialog med Direktoratet for naturforvaltning (DN), Statens naturoppsyn (SNO) og miljøverndepartementet. Eg vil følgja nøye med, og vera i kontakt med miljøverndepartementet og direktoratet. Me styrer ikkje DN, men rovviltnemnda ventar at dei set inn dei ressursar som må til. Når lisensjakta er slutt i mars, må me sjå nærare på kva som skal gjerast. Då er det òg aktuelt å ta kontakt med statssekretæren i departementet, seier SV-politikaren, som tykkjer det er kjedeleg at ingen har greidd å skyta jerv til no i vinter.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.