– Dette er fjordcruise for alle, seier Mads Bækkelund, som bur seg på å setja verdas minste cruiseskip i trafikk på Indre Sogn frå 1. juni.
|
Terje Eggum
E-post
|
|
| Publisert 03.02.2010 kl 15:44 Oppdatert 04.02.2010 kl 02:18 |
Båten er gamle «Vågsøy», ein sjarmerande krabat frå seint 60-talet, som mange i sognebygdene vil dra kjensel på. Reiaren erklærer at han introduserer eit båttilbod Sognefjorden ikkje har sett til no.
– Cruise for alle
– Alt er nytt, samansetjinga av passasjerar, seglingsmønstret og frekvensen, seier Mads Bækkelund, som har plotta inn anløpshamner frå Måren til Skjolden.
– Dette er cruise for alle, for dagpassasjerar og for lugarbaserte passasjerar, seier han, og byr på restaurant, barar og salongar, forutan to dekk. Den gamle fjordtravaren kan ta 94 passasjerar, totalt. Båten har 23 køyer fordelt på femten lugarar.
Lang sesong
Mads Bækkelund trur Hurtigruta er det næraste ein kan jamføra med det nye fjordkonseptet.
– Det blir ein båt med stil, seier han, og er sikker på prosjektet har økonomisk bereevne.
– Dette er skal bæra seg sjølv, inga subsidiepakke i botnen, seier han, og peiker på den breie målgruppa, både lokalt fastbuande og turistar.
– Kva omfang skal sesongen få?
– Målet er å basera drifta på ein seks månaders sesong, men oppstartssesongen blir tre, frå juni til september.
Kompletterer
Mads Bækkelund peiker på den utfyllande funksjonen eit slikt tilbod har.
– Me kompletterer biletet av persontransport på fjorden i Indre Sogn, seier han, og trur han ikkje tråkkar ein einaste annan båtoperatør på tærne.
– Alle har råd
Men den eigentlege styrken ligg, slik han ser det, i operasjonsmønstret.
– Dette er også eit tiltak for å skaffa fjordarmar og fjordbygder ny båttrafikk, seier han, og unner båtforsømde bygder som Fresvik, Frønningen og Marifjøra ny maritim aktivitet i sommarhalvåret.
– Men er dette overkomeleg for vanlege folk?
– Ja, alle har råd, det kostar 150 kroner å tilbringa ein halv dag om bord, under den tida kan ein reisa frå A til B, eller C, seier reiaren, og om passasjeren ynskjer ein lugar, så er det ein pris for det.
Mads Bækkelund har teikna eit seglingsmønster med nitten hamner. Planen er at båten skal nå over denne ruta tre gonger i veka.
Nyhende Dronninga vitja torsdag Ornes der ho mellom anna deltok i gudsteneste i stavkyrkja og planta pommetre. Les meir og sjå bilete
Nye kommentarar