...
Ordførar og regionrådsleiar Jarle Aarvoll, ordførar Torodd Urnes og næringssjef Olav Grov representerte Sogn i Oslo Foto: Innsendt

Jakta framtidige sogningar

Desse tre var sende ut for å reklamera for Sogn på karrieremessa i Oslo.

Mariann Skau E-post
Publisert 03.02.2010 kl 12:57 Oppdatert 03.02.2010 kl 13:09

Tips ein venn på e-post:

...
Fylkesordførar Nils R . Sandal legg ut om framtidsfylket. Foto: Innsendt

Sogn Regionråd hadde stand på karrieremessa i Oslo måndag. Det var ordførar i Sogndal og regionrådsleiar Jarle Aarvoll, ordførar Torodd Urnes og næringssjef Olav Grov frå Luster som representerte Sogn i Oslo.

180 ungdomar

Det kom om lag 180 ungdomar med røter frå eller interesse for Sogn og Fjordane på messa i Oslo. Det var òg mange frå Sogn, opplyser Olav Grov.

– Dei som vitja messa, har litt ulikt utgangspunkt. Somme er nett i gang med ei høgare utdanning, andre er nesten ferdige, medan nokre er i sin fyrste jobb etter fullførd utdanning. Ein del er konkret på utkik etter arbeid i heimfylket og vurderer seriøst å flytte heim, medan andre har eit noko meir langsiktig perspektiv på det. Inntrykket er at dei som kjem på arrangementet tykkjer det er fint at heimfylket «bryr seg», seier han.

Standen til Sogn Regionråd var lokalisert tett inntil tunge offentlege verksemder i regionen vår som er i vekst: Difi, Statens vegvesen, Høgskulen og Vestlandsforsking.

– Dette er arbeidsgjevarar som er interessante for mange med høgare utdanning.

Talkshow

Både private bedrifter og sentrale offentlege verksemder var representerte på standane. Det var også mange andre å treffa: ordførarar, fylkesordførar, stortingsrepresentant frå fylket og kommunalministeren.

På programmet stod eit talkshow der mogelegheiter i fylket var i søkjelyset, og etterpå var det god mat.

– Det er tredje året eg har vore på messa i Oslo, og eg veit at fleire eg har møtt på stand dei to førre åra, no har flytt heim eller er på veg til å flytta heim, seier Olav Grov.

På karrieremessene i Trondheim 11. februar og i Bergen 16. februar vil også Sogn stilla med felles stand, då med representantar frå andre kommunar.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.