Prest med oppsiktsvekkjande råd til ammande mødrer.
Det er soknepresten i Høyanger, Carsten Wind Hansen, som kjem med eit litt uvanleg råd, i dagens utgåve av VG.
– God oppleving
– Det er viktige for meg er at folk får ei god oppleving under dåpen. Ei mogelegheit då er at mor drikk litt alkohol og ammar barnet på førehand, seier Wind Hansen.
Rådet er mest for foreldra sin del, slik at dei ikkje skal bli så nervøse, og han meiner ikkje at ein skal drikka mange glas, men vurdera å drikka litt alkohol dagen før.
– Tabu
Han forstår at folk kan tykkja dette er eit uvanleg råd frå ein prest.
– Det er kanskje det ja, særleg her på Vestlandet, der mange har eit litt tabulagt forhold til alkohol, sier presten, som sjølv er dansk og vand til eit meir avslappa forhold til alkohol.
Wind Hansen understrekar at dette ikkje er det einaste rådet han gir til foreldre som er nervøse for at dåpen skal bli ei uroleg oppleving.
Overlege og ammeekspert Gro Nylander er skeptisk til rådet frå presten.
Nye kommentarar