...
GOD OVERSIKT: Dette er eitt av bileta frå teljinga 17. desember, i flokken er det 182 dyr. Foto: Torodd Joranger

Gledeleg reinsvekst

Men situasjonen er ikkje friskmeldt.

Gunnar Kleven E-post
Publisert 27.01.2010 kl 09:47 Oppdatert 27.01.2010 kl 09:52

Tips ein venn på e-post:


182 dyr vart funne i reinteljinga i Vest-Jotunheimen. Stamma har sidan 2003 vorte mindre og mindre, veksten i fjor er marginal, men gledeleg. Det er villreinutvalet for Vest-Jotunheimen som stod for teljinga utført 17. desember i fjor.

Truleg alle dyra

Det vart leita gjennom heile villreinområdet frå Kvarven og innover halvøya til Gravdalen og Austabotn, vidare frå Berdalen til Sognefjellet og Keisarpasset.

«Det er rimeleg god grunn til å rekna med at alle dyra i stammen vart med under teljinga, men det er ikkje råd å vera heilt sikker», skriv fjelloppsynsmann Einar Fortun i rapporten.

Storflokken inneheldt 123 simler og ungdyr, 29 kalvar og 11 bukkar. I tillegg var det 19 bukkar i ein flokk på Berdalsfjellet.

Ikkje jakt

Flokken har auka med 12 dyr sidan teljinga i november 2008. I kalveteljinga september 2009 vart 49 kalvar registrert.

«Med sopass god kalvetilvekst, hadde ein forventa at stammen hadde vakse noko meir. Dei siste tre åra har det ikkje vore jakt i villreinområdet», rapporterer Fortun.

Villreinstamma i Vest-Jotunheimen var i 2003 på 397 dyr.

Einar Fortun skriv at nedgangen måtte snuast for å berga stamma, men veksten skulle gjerne vore større på bakgrunn av kalveteljinga sist sommar.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.