Lerum fekk gullmedalje på reklamebransjen sin "Oscar"-utdeling.
Sigeren i den knivskarpe tevlinga fekk Lerum saman med Bates United/Tangram for kampanjen for «Lerums utvalde». Dette er ein serie med syltetøyprodukt som skal vera betre og meir eksklusive enn det Lerum til dømes produserer for matvarekjedene under andre namn.
– Jubelen stod i taket når me fekk vita om dette torsdag kveld. Eg er med salsapparatet vårt på seminar i Tyskland, og det var svært gledeleg å kunna fortelja dette til våre tilsette, fortel administrerande direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug på mobiltelefon frå Tyskland.
Populært produkt
Lerum og reklamebyrået vann gullmedaljen i den årlege Stella-tevlinga, som er reklame- og designbransjen si store årlege tevling. Nær alle store byrå i Noreg var med i tevlinga, men berre eit lite fåtal fekk omtale og pris. Trine Lerum skryt stort over samarbeidet med Bates/ Tangram, og ho meiner at deira felles innsats har gjort at «Lerums utvalde» har fått stor suksess i marknaden.
Godt år
– Me har satsa svært mykje på dette, både i form av kreativitet, fagleg utvikling og finansielt og me har lukkast svært godt med å introdusera dette produktet i marknaden. Denne prisen syner at me definitivt har gjort noko rett og dette er rett og slett fantastisk kjekt, seier Lerum som fullroser den innsatsen dei tilsette i Lerum har lagt ned.
– Det er sjølvsagt svært kjekt for meg at me får ein slik pris, men det er like mykje ein heider til våre tilsette som står på for Lerum kvar dag, slår direktøren fast.
Sjølv om Lerum ikkje vil gå ut med nokre tal enda, så innrømmer økonomidirektør i Lerum, Bernt Bergheim, at 2009 enda som eit godt år for den sentrale Sogne-verksemda.
– Me er i førarsetet på produktutvikling og sjølv om tevlinga er hard på alle frontar, ikkje minst mot Orkla, så vart 2009 totalt sett eit svært godt år for Lerum, sa Bergheim på ei samling på fylkeshuset torsdag føremiddag.
Framfor ei fullsett forsam<\h>ling byråkratar, slo han fast at Lerum kunne vorte mykje hardare råka av finanskrisa enn dei vart og at dei valde å satsa i 2009, framfor å leggja seg bakpå og venta på betre tider.
Todelt strategi
Lerum har ein todelt strategi i høve både produksjon og marknadsarbeid. Dei produserer slett ikkje berre dei reine, populære Lerum-varene, men og ei rekkje produkt utan Lerum-namnet på etiketten. Dette er sokalla «private label»-produksjon, der kjedene ønskjer å ha eigne merkevarer i butikkhyllene som til dømes First Price, Landlord og liknande.
– Me vel å vera tru mot denne strategien og satsinga, og det syner seg no at me lukkast svært godt med dette, meiner økonomidirektøren.