Den siste veka har Notar i Sogndal seld fleire husvære til godt over prisantydning.
Mellom anna selde Notar eit rekkehus på Leikanger for 1.530.000 – noko som var 150 000 kroner over pristantydninga.
– Vi opplever no at presset på bustadmarknaden i Sogndal / Leikanger er stigande. Januar pleier til vanleg å vere ein roleg månad, men etter nyttår har vi opplevd ein sterkt aukande etterspurnad, seier Marit Norheim ved Notar Sogndal til Sogn Avis.
Mest overraskande var altså at eit vanleg rekkehus på Leikanger gjekk høgt over den prisen meklar og eigar hadde tenkt seg for huset. 150 000 over takst er ikkje daglegdags, og Norheim trur at dette syner at finanskrisa er over for folk flest, og den låge renta gjer at folk tør å gå ut i husmarknaden med litt friare rammer enn for kort tid sidan.
Men det er ikkje berre på Leikanger det går unna med ledige bustader. På Granden i Sogndal vart ei leiligheit seld til 40 000 over prisantydning. Den nye eigaren måtte ut med 1,83 millionar for husværet.
– Vi merkar no og sterkt aukande interesse for til dømes bustadtomter, som til dømes dei som ligg Vikane i Sogndal. Det som syner seg er at vi treng fleire objekt for sal, noko som er overraskande, men veldig kjekt, seier Norheim.
Nye kommentarar