Fjordlinje Eigedom AS har fått ny aksjonær og vona for at det snart skjer noko på slakteritomta i Sogndal veks.
Det er entreprenørfirmaet Åsen&Øverlid i Førde som har køpt seg inn i Fjordinje Eigedom AS.
Like før jul kjøpte selskapet 25 prosent av aksjane i selskapet, som eig og skal utvikla slakteritomta i Sogndal
«Vi har stor tru på eigedommen, og at det skal vera mogeleg å få til eit godt prosjekt på tomta. Det ønskjer vi å bidra til», seier Leif Arne Åsen i Åsen&Øverlid til avisa Firda.
Førdeselskapet blir no kompanjongar med Rolf Navarsete og Arne Myklebust.
«Sogndal er eit spennande område. Høgskulen skal utvide, og det skjer mykje i tettstaden. Eg kan ikkje forstå anna enn at Sogndal er eit sentrum som vil utvikle seg. Vi er tilfredse med å vere der», seier Åsen til avisa.
Nye kommentarar