Det er ikkje ofte menn i kjolar får sogningar til rope på meir, meir meir!
Korrespondanseskyting Knipenborg
Km langdistanse lagrenn på Langeland
Send inn foto frå "kom deg ut"-dagen 7. februar til nett@sognavis.no eller som MMS med kodeord SOgn til 1982
Les meir| Geir Bjarte Hjetland | |
| Publisert 16.01.2010 kl 22:40 Oppdatert 17.01.2010 kl 00:15 |
Med det klingande artistnamnet Bjørn Hellfuck, til dei grader trang sommarkjole (!) og maske fekk han hundrevis av studentar og sogningar til å synge om at dei har ei krabbeklo i undiken.
Alt tidleg fredag kveld var det lang kø utanfor studenthuset Meieriet i Sogndal. Folk var komne frå heile Sogn og Fjordane for å få med seg konserten med bergensfenomenet Bjørn Hellfuck.
Dei siste månadane har ryktet om den løyndomsfulle artisten svirra, men framleis er det ingen som har fortalt kven han eigentleg er. Med enkle melodiar og tekstar som kan få fleire enn indremisjonen på Lyngmo til å setje kyrkjekaffien i halsen, har han og resten av bandet blitt svært populære.
Meieriet var bortimot smekkfullt med folk som sang med på alle songane og når Hellfuck til slutt song «Krabbeklo i undikken» tok folk heilt av. Ingen tvil om at åpninga av vårsesongen på Meieriet vart ein utruleg suksess. At folk hadde reist heilt frå Florø, Høyanger og Voss for å få med seg konserten, seier sitt om kor breitt Meieriet apellerer med sine artistar.
Send inn foto frå den flotte og kalde vinteren vår til nett@sognavis.no eller som MMS med kodeord SOgn til 1982
Les meir
Nye kommentarar