Kulden skapar glede for permitterte.
Dagleg leiar i Bionordic, Anne Jordal, er svært glad for å kunne melde at situasjonen for ovnfabrikken i Jostedalen er langt lysare no enn for kort tid sidan.
– Det er veldig godt å kjenne på kjensla av å ha det hektisk, og eg vonar kulda varer lenge, fortel ein glad og optimistisk Bionordic-sjef til Sogn Avis.
Berre dei siste dagane har verksemda fått bestilling på 15-20 ovnar og dei tre som er permitterte er no attende på jobb, iallefall førebels.
– Nett no har vi i alle fall meir enn nok å gjere og eg tykkjer særleg det er veldig artig at det er så mange som ringer frå resten av fylket og. Dette er rett og slett strålande bra, sler Jordal fast.
Pelletsovnane frå Jostedalen har fått mykje god omtale den siste tida, og Jordal trur at det er god omtale i media kombinert med sprengkulden som er årsaken til den kraftige auken i interesse for dei energisparande ovnane.
– Eg er glad for kvar kald dag som kjem, og eg drøymer om kalde vintrar i mange år framover. Det vil sikre arbeidsplassane her i Jostedalen, seier Anne Jordal.
Ovnane til Bionordic er ikkje rimelege i innkjøp, men Jordal peikar på at ein vanleg husstand på sikt vil spare både pengar og energi på å investere i ein pelletsovn frå Jostedalen.
– Vi trur at fleire og fleire vil oppdage at dette er svært lønsamt, avsluttar den optimistiske daglege leiaren.
Nye kommentarar