...
TØFFE KARAR: Torbjørn Hasund (t.v.) og Terje Eggum kosar seg i Sognefjorden torsdag kveld. Foto: Ørjan Talle

Tøffe badarar i 14 minus

Kulden ingen hindring for fjordbadarane.

Publisert 08.01.2010 kl 11:09 Oppdatert 08.01.2010 kl 11:34

Tips ein venn på e-post:


Torbjørn Hasund og Terje Eggum tok på seg shorts og freista badelukka i Sognefjorden torsdag kveld. På land var temperaturen 14 minus, og i vatnet var det 3,5 pluss! Dei to var ute i fjorden i eitt minutt, noko som er eit krav dei har sett for at de skal definerast som eit ekte vinterbad.

– Det er faktisk slik, at dess kaldare det er i lufta, dess meir behageleg er det faktisk å koma seg ut i fjorden. Men når ein kjem opp att på land, må turen til ein varm dusj vere kort, fortel hardhausane til Sogn Avis.

Saman med andre frå Sogn Fjordsymjarklubb gjer dei to seg no klare for VM i vintersymjing som skal gå av stabelen i Bled i Slovenia frå 22. til 24. januar. Der skal kring 700 deltakarar frå 20 land konkurrere i ulike symjegreiner, i bitande kaldt vatn.

For Eggum, Hasund og fleire andre lokale hardhausar byrjar badesesongen kring 1. desember. Med badeshorts og lue har dei ingen problem med at temperaturane er langt under det dei aller fleste vil definere som badevenleg.

– Vi skal vel ikkje påstå at dette er ein direkte varm aktivitet, men det er moro, forsikrar dei to fjordsymjarane som ikkje vil kommentere korleis veslekaren blir etter eit minutt i bitande kaldt vatn...


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.