Over natta slutta Jernbaneverket å frakta bos ned frå fjellet utan å gje melding til turistbedrifter i området.
Korrespondanseskyting Knipenborg
Km langdistanse lagrenn på Langeland
Send inn foto frå "kom deg ut"-dagen 7. februar til nett@sognavis.no eller som MMS med kodeord SOgn til 1982
Les meir| Publisert 07.01.2010 kl 11:04 Oppdatert 07.01.2010 kl 11:04 |
– Dette blir for dumt, no er det søppel over alt her, seier Jannet Aksnes ved Vatnahalsen hotell.
Simas har hatt avtale med Jernbaneverket om å få frakta ned søppel frå Vatnahalsen, Myrdal, Upsete og Reinunga til Flåm ved hjelp av ein sokalla Robel, eller lastebil med kran som går på skinner, på dispensasjon. Simas har henta søppelet i Flåm og levert tomme containerar i retur.
Halvt år sidan
Det er ikkje meir enn eit halvt år sidan Vatnahalsen hadde problem med å bli kvitt søppelet. Den gong vart saka løyst etter dialog med Simas. Aksnes seier søppelet no har blitt henta ein gong kvar veke eller kvar 14. dag, ei ordning som har fungert greitt.
– Men 30. desember får me melding frå Simas om at det brått er laga nye reglar frå Jernbaneverket si side. Dei som jobba med å køyra robellane om natta, fekk ikkje lenger dispensasjon til å køyra søppel. Dette skjer midt i julehelga, med mykje folk på hyttene i området. Så her er det søppel over alt no, det hopar seg opp fleire stader også. Ved Myrdal flyt det av søppel. Det hadde vore til god hjelp dersom me berre hadde fått opp ein tom container her. Situasjonen no er heilt uhaldbart for ein som vil driva hotelldrift. Eg trur eg har site i telefon i seks timar for å få høyra kva som har skjedd og kva som blir gjort for å løysa problemet. No brukar eg mykje tid og krefter på noko som ikkje burde vera naudsynt i det heile teke.
– Kommentar til det?
– Eg tykkjer det er dumt at me skal bruka tid på dette. Me har eit hotell å driva og hadde me fått jobba med det i staden for å bruka tid på slike ting, så hadde det vore greitt. Det verste er at me ikkje har fått melding om dette i det heile teke og det er ikkje meir enn eit halvt år sidan sist me hadde slike problem.
Helikopter
Driftssjef Lars Petter Nesse i Simas seier han fekk melding om endringa på telefon frå Jernbaneverket 30. desember.
– Noko anna melding har ikkje me fått, seier Nesse, som har hatt kontakt med Aurland kommune om saka.
– Dei har i sin tur hatt kontakt med Jernbaneverket og etter det eg skjønar skal dette løysa seg rimeleg kjapt. Men detaljane i dette kjenner ikkje eg.
Nesse legg til at Simas har ansvar for avfallshandteringa og seier eit alternativ kan vera å bruka helikopter for å få ned avfallet.
– Det er ei dramatisk løysing. Det er då heller ikkje haldbart i desse miljøtider å bruka helikopter kontra jarnbane i denne samanheng.
– Kan det likevel vera eit alternativ?
– Det er det einaste reserveløysinga me har dersom me ikkje får dette på plass att.
Har avtale
Aurland kommune fekk etablert ein avtale for levering av søppel frå fjellet på dispensasjon i 2005, blant anna ved hjelp av Samferdsledepartementet. Ordførar Olav Ellingsen seier dei ikkje har fått melding om at dispensasjonen er trekt tilbake.
– Eg har vore i kontakt med Jernbaneverket og fått melding om at dei må ha litt tid på seg til å få løyst dette. Eg har også sagt at Aurland kommune, ved ordføraren, stiller opp dersom det skulle bli problem. Men eg reknar med at dette vil løysa seg.
– På plass no
Då Sogn Avis var i kontakt med assisterande banedirektør Tony Demring i går, rekna han med at saka ville bli løyst i løpet av dagen.
– Me har fått munnleg tilsegn på dispensasjon, seier Demring.
Demring seier at det 13. desember kom nye trafikkreglar frå Jernbanetilsynet for køyring på spor som spesifikt omhandla søppel.
– No vil me berre få ordna våre eigne papir slik at dispensasjonen dei har hatt, kan alda fram. Det reknar eg med skjer i løpet av dagen.
Send inn foto frå den flotte og kalde vinteren vår til nett@sognavis.no eller som MMS med kodeord SOgn til 1982
Les meir
Nye kommentarar