...
BREIBAND: Fiber- og straumkablar må på plass for å sikra godt breiband til alle. Foto: Arkiv

Nettsatsing til 19 millionar

Desse kommunane får støtte til breibandutbygging.

Birthe Johanne F. Finstad E-post
Publisert 10.12.2009 kl 14:52 Oppdatert 10.12.2009 kl 14:52

Tips ein venn på e-post:


Fylkeskommunen har tildelt kommunar i fylket 19 millionar kroner til innsats innan breiband- og mobildekning.

2,4 millionar går til å betra dekninga i område med svak dekning, og vel 12 millionar vil verta nytta til å styrka kapasiteten gjennom fibernett. I tillegg er kommunane tildelt 4,4 millionar til betring av mobiltelefondekninga.

Støtte til fiberprosjekt

Det er løyvd 2,5 millionar kroner til eit fiberprosjekt i Vågsøy og ein tilsvarande sum til eit prosjekt i regi av sju Nordfjord-kommunar. Jølster har fått 2,3 millionar kroner, Stryn nærare 1,4 millionar og Gaular rundt 1,3 millionar.

Kommunane Askvoll, Balestrand, Luster, Sogndal og Solund har også fått støtte til fiberprosjekt. Dei nemnde prosjekta skal gje raskare breiband, og ved tildelinga er det lagt stor vekt på behovet næringslivet har for betre breibandkapasitet.

God dekning

Dei siste seks åra har staten, kommunane og fylkeskommunen nytta over 140 millionar kroner til breibandutbygging i Sogn og Fjordane. Dette for å sikra ei snøggare utbygging, som også kjem distrikta til gode.

Resultatet er ei breibanddekning på nærmare 98 prosent, og det vert arbeida vidare med gje breiband til dei grendene som enno ikkje er dekka.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.