...
FARLEG: Små og store likar lite å måtte vandra langs den farlege riksvegen mellom Sogndal og Leikanger.

Kjempar for gangveg

I årevis har innbyggjarane lengta etter sikrare veg for mjuke trafikantar.

Renate Sæle E-post
Publisert 06.12.2009 kl 18:42 Oppdatert 07.12.2009 kl 08:19

Tips ein venn på e-post:


No kryssar innbyggjarane mellom Fardal og Norane fingrane for at vegdirektoratet skal gi løyvingar til sykkel- og gangveg for planperioden 2010–2013.

Tung trafikk, uoversiktelege strekningar og manglande fotgjengarovergang gjer at samarbeidsutvalet ved Norane oppvekstsenter håpar det no blir deira tur til å få gang- og sykkelveg på kilometrane nærast oppvekstsenteret.

– Ein gang- og sykkelveg er positivt for folkehelsa. Mange ungar kunne gått til skulen dersom det var sikrare skuleveg, meiner Mona Øvereng, foreldrekontakt som er nabo til skulen.

Mange fritidsaktivitetar skjer også på oppvekstsenteret. Samarbeidsutvalet meiner ungane kunne gått og sykla til trening og musikkøving dersom vegen var tryggare. Men slik stoda er no, må foreldra i stor grad køyra ungane.

Stor trafikk

Vegen er ikkje stamveg, men er riksveg med mykje trafikk. I følgje samarbeidsutvalet er årsdøgntrafikken 2200. Vegen er utan midtstripe og har få skuldrar. 60-sona er det få som bryr seg om, meiner Øvereng og Anne Britt Reppen, leiar i samarbeidsutvalet.

– Me har heller ingen alternativ å nytta, hundre prosent køyrer skulebuss, seier Reppen.

Ho meiner ikkje berre born- og ungdom vil dra nytte av ein gang- og sykkelveg.

– Mange syklar Sogndal-Leikanger, både unge og eldre vil nytta ein betre tilrettelagt veg langs Sognefjorden for mjuke trafikantar, meiner ho.

Fotgjengarovergang

Med seg på laget har samarbeidsutvalet idrettslag, ungdomslag, og skule- og ungdomskorpset. Alle ynskjer ein tryg<\h>gare veg.

– Grunneigarane er også positive, legg Øvereng til.

Både skulen og barnehagen nyttar skogsområdet Jygrasteget til leik og læring. Men for å koma dit må dei kryssa vegen like ved ein uoversiktleg vegstrekning med sving. Her står fotgjengarovergang høgt på ynskjelista.

Svar i desember

I mange år etterspurt ein meir fotgjengar- og syklistvenleg veg på strekninga Fardal–Norane.

Sogndalspolitikarane har vidaresendt ynskjet frå innbyggjarane lengst vest i kommunen til Nasjonal tranportplan. Vegdirektoratet vil avgjera om vegstrekninga blir prioritert for perioden 2010–2013 i midten av desember. Då håpar nørene og dei andre som kunne tenka seg å nytta beina på vegen, at dei får ei god førjulsgåve.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.