...
TIL UNITED: Even Hovland reiser måndag til England der han skal trena med den engelske storklubben Manchester United.

Hovland til United

Even Hovland skal trena med det engelske storlaget Manchester United i éi veka.

Endre Romøren E-post
Publisert 05.12.2009 kl 11:06 Oppdatert 07.12.2009 kl 10:35

Tips ein venn på e-post:


– Me har takka ja til eit sånt treningsopphald sidan det er bra for Even, seier sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Trond Fylling, til klubben sin nettstad.

Han tenkjer då både motivasjonsmessig og i høve til at Even treng trening.

– Even har vore ute store delar av sesongen og treng nok trening meir enn ferie. Når han då sjølv ønska dette var det ikkje vanskeleg å seie ja, forklarar Fylling.

Opphaldet er ikkje heilt i boks, men etter planen reiser Even til England 7. desember med retur ei veke etter.

Mange nordmenn

United har vunne den engelske serien dei siste tre åra, og har allereie nordmennene Magnus Wolff Eikrem og Joshua King i stallen.

Tidlegare har som kjend Ole Gunnar Solskjær, Ronny Johnsen og Henning Berg hatt stor suksess for Alex Ferguson sine menn. Også Fulham-spissen Erik Nevland har vore innom klubben.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.