...
OVERNATTING: Vandrarheimen i Flåm, som er ein del av Flåm camping, er kåra til den femte beste vandrarheimen i Europa. Foto: Arkiv

Femte best i Europa

Vandrarheimgjestene har sagt sitt, og to vandrarheimar i Sogn er blant dei ti beste i Europa.

Birthe Johanne F. Finstad E-post
Publisert 04.12.2009 kl 14:51 Oppdatert 04.12.2009 kl 14:53

Tips ein venn på e-post:


I ei kåring gjennomført av Hostelling International er Flåm Vandrarheim nummer fem på lista over det beste vandrarheimane i Europa i 2009.

– Dette er fantastisk bra, og det er all grunn til å gratulera Flåm Vandrarheim. For reisemål Aurland og Lærdal er dette ei stor oppmuntring. Me har mange bedrifter som har vunne prisar dette året, og det tyder på svært gode og attraktive produkt, seier leiar i Aurland og Lærdal Reiselivslag, Noralv Distad.

Gjestene stemmer

Vandrarheimen i Balestrand er nummer ti på same liste.

Det er gjestene sjølve som har stemt fram vandrarheimane, og dei er spurde om kva dei tykte om blant anna service, komfort, tryggleik og plassering.

Rundt 3000 vandrarheimar i Europa har vore med i kåringa, og dei to sogneverksemdene kan såleis vera godt nøgde med plasseringane.

Den beste vandrarheimen i Europa er også norsk og ligg i Tønsberg.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.