Ras på Årdalstangen

...
RAS: Oppryddinga etter raset som gjekk på Årdalstangen natt til tordag er godt i gang. May Bente Myhre i kommunaltekniske tenester observerer fjellsida medan Olav Birger Hæreid flyttar stein.

Ryddar vekk raset

Arbeidet med å rydda vekk raset og byggja ein mellombels rasvoll på Hæreid starta tidleg fredag morgon.

Hanne Stedje E-post
Publisert 04.12.2009 kl 11:10 Oppdatert 04.12.2009 kl 12:32

Tips ein venn på e-post:


Så snart det lysna var entreprenør Olav Birger Hæreid på plass med maskineri for å få rydda vekk dei store steinane som kom ramlande nedover fjellsida natt til torsdag.

På vegen smadra steinane tre-fire mindre uthus som høyrer til garden Hæreid, og her må det ryddast opp før ein mellombels rasvoll kan etablerast.

– Me flyttar no steinane og stablar dei i forlenginga av den eksisterande rasvollen, forklarer leiar i kommunaltekniske tenester, Jan Roy Dalheim.

Overvakar fjellsida

Ordførar Arild Ingar Lægreid opplyste til Sogn Avis i går at arbeidet med å få på plass ei permanent rassikring på staden også vert intensivert i tida framover.

Dei 19 personane som vart evakuert frå heimane sine etter steinspranget torsdag, får tidlegast flytta heim laurdag ettermiddag.

Dalheim opplyser også at det er sett opp vakthald i området som skal overvåka fjellsida medan opprydninga går føre seg.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.