Dei 19 personane som vart evakuert etter steinspranget på Tangen i natt, får framleis ikkje flytta heim.
Det opplyser ordførar Arild Ingar Lægreid til Sogn Avis torsdag ettermiddag.
– Det har no vore ei synfaring saman med geolog, og me rettar oss etter dei tilrådingane Russenes kjem med. Det går mellom anna på at me held folk attende fram til laurdag ettermiddag før dei tidlegast kan flytta heim, seier ordføraren.
Rasfaren ikkje over
– Me jobbar no med å få på plass mellombels sikring og går no inn med maskiner for å få rydda i området og fjerna ein del stein. På lenger sikt jobbar me med å få til ein rasvoll på om lag 200 meter, men dette er altså meir langsiktig, seier Lægreid.
Dei evakuerte får orinentering om stoda på eit møte no i ettermiddag. Geolog Bjørn F. Russenes seier til Sogn Avis at rasfaren ikkje er over.
– Dette er tradisjonelt eit rasutsett område der det ligg mykje laust. Det er ulike bergartar, desse er falda saman og det oppstår glideflater mellom desse bergartane som gjer at heile området verkar noko uroleg, seier geologen, som køyrde fire timar i bil frå Bergen i dag tidleg for å bistå Årdal kommune i arbeidet.
Nye kommentarar