Amalie og Alexandra opplevde dramatikken på nært hald då steinblokka råka huset deira i natt.
– Eg sov, men vakna av alt bråket. Eg kjende huset rista og vart ganske redd, fortel Amalie Løvdahl (12) til Sogn Avis morgonen etter at ho saman med veslesyster Alexandra og pappa Kai Are Løvdahl (36) måtte flykta frå huset på Hæreid.
I 01.00-tida natt til torsdag losna store steinmassar i Bjødnaskorberget like bak huset og kom rasande nedover. Ein av steinblokkene kom rett inn i hagen og smadra heile terrassen utanfor.Kai Are Løvdahl seier at han ikkje skjønte heilt alvoret i det med det fyrste.
Rasar stadig i fjellsida
– Amalie var kommen austafrå for å vera på langhelg, så me sat oppe og kosa oss til klokka var nesten midnatt. Eg vakna av lyden, eg kjende huset rista og skalv, men då eg såg utanfor,såg det ikkje så gale ut. Eg oppfatta heller ikkje at steinen var så stor som han er, så eg gjekk eigentleg og la meg att før eg plutseleg kom til meg sjølv og fann det best å evakuera, fortel Løvdahl, som har budd på Hæreid i tre og eit halvt år.
– Me høyrer jo stadig at det rasar i fjellsida, men noko slikt har eg ikkje oppevd før. Det er ikkje noko eg tenkjer mykje over i kvardagen, men det er klart, når slike ting skjer, blir det med eitt veldig aktuelt, seier Løvdahl.
Sogn Avis kjem attende med meir.
Nye kommentarar