Rasvollen som er bygd ovanfor husa der raset gjekk, sluttar om lag 50 meter før raset.
|
Jan Egil Fimreite
E-post
|
|
| Publisert 03.12.2009 kl 09:43 Oppdatert 03.12.2009 kl 12:50 |
– Det var ei geologisk vurdering som avgjorde kor lang me skulle bygga rasvollen, seier leiar Jan Roy Dalheim i kommunaltekniske tenester i Årdal.
Rasvollen stod ferdig ved årtusenskiftet, og vart bygd nettopp for å ta slike ras som kom ned frå om lag 300 meter oppe i den bratte fjellsida. Ei svær blokk har losna, men vart knust i mindre delar på veg nedover.
Rasutsett
Dalheim seier dei hadde ei risikoanalyse før vollen vart bygd og at det ikkje var økonomien som stogga ein lengre rasvoll.
– Dette vil alltid bli ei avveging i høve til kor sannsynleg det er at eit ras vil gå i eit bestemt område. Avstanden til fjellfoten og terrenget elles vil også vera avgjerande. Men heilt sikker kan du aldri bli. Det står også i ein geologisk rapport frå 50-talet at det aller meste av busetnaden i Årdal er rasutsett. Så neste gong kan det koma ras andre stader i bygda. Me bur på Vestlandet, og då må me rekna med noko slikt i ny og ne, seier han.
Årdal kommune skal seinare i dag ha møte med dei evakuerte for å få ei vurdering på kva som skal gjerast vidare.
– Det er ei vanskeleg sak, uansett, seier Dalheim.
Nyhende Dronninga vitja torsdag Ornes der ho mellom anna deltok i gudsteneste i stavkyrkja og planta pommetre. Les meir og sjå bilete
Nye kommentarar