Beredskapsgruppa i Årdal har vore samla i møte utover morgontimane i dag.
– Det verkar som om folk i området har teke det roleg, men me har beredskapen klar dersom det skulle vera behov for det, seier vakthavande Jan Roy Dalheim.
I beredskapsgruppa sit, i tillegg til Dalheim, ordførar, rådmann, kommunalsjef og informasjonsansvarleg. Dalheim seier dei også vil ha med seg psykisk kompetanse i gruppa dersom det er naudsynt.
– Folk tok det roleg, men her kan det koma reaksjonar seinare.
Dalheim seier dei ventar geolog til Årdal i halv elleve tida i dag.
– Det er gode gamle Ryssenes som må i aksjon.
Nye kommentarar