Patricia Seglem Lægreid såg steinen som landa i hagen, og knuste terrassen i naboleilegheiten i tomannsbustaden der ho bur.
– Ho såg ut gjennom soveromsglaset, og såg steinen då den landa, seier mannen Øyvind Lægreid. Det var eigentleg heilt uverkeleg.
Sjølv vakna han av raset og gjekk ut då raset hadde stilna for å få eit oversyn over skadene.
– Det var eit kort og kjapt ras som gav seg fort. Så me la oss nedpå att litt etter at me hadde vore ute og sett på steinen. Det var ei stor og rund steinhelle som må ha fått god fart gjennom skogen og ned. Så det var dramatisk, seier Lægreid
Evakuering
Han fekk ikkje ligga lenge, for like etterpå kom politibetjent Trond Akre og gav melding om evakuering.
– Du må ta det roleg sidan du går og legg deg etter ei slik hending midt på natta?
– Når du bur under høge fjell, så må du rekna med at det ramlar ned ein stein eller to. Og lynet sler som kjent ikkje ned same stad to gonger. Men eg hadde vel ikkje fått sove så godt, du gjer deg sjølvsagt nokre refleksjonar når slikt skjer.
Nye kommentarar