Bebuararane hadde englevakt då raset råka. 19 personar vart evakuerte frå Hæreid på Tangen i natt.
|
Hanne Stedje
E-post
|
|
| Publisert 03.12.2009 kl 01:49 Oppdatert 03.12.2009 kl 12:50 |
Det var like før klokka 01.00 at bebuarar på Hæreid på Årdalstangen både høyrde og kjende steinen som kom rasande ned den stupbratte fjellsida. Ingen personar kom til skade i raset, men det vart ei uroleg natt for opptil fleire.
Verst råka det to familiar i ein tomannsbustad, som måtte flykta då ei steiblokk på fleire tonn rasa rett inn i husveggen. I denne delen av huset sov ein far med to born, medan eit ektepar tidleg i 60-åra held til i den andre. Etter ein kort befaring i området, valde politiet å evakuera frå dei næraste bustadane.
Tek ingen sjansar
– Det ligg framleis mykje og grov stein oppe i området, og me tek ingen sjansar. No vel me å evakuera bebuarane i til saman fire einebustader og to tomannsbustader, sidan må me venta til det vert lyst og får geoglog til staden før me veit kva som skjer vidare, seier lensmannsbetjent Trond Akre til Sogn Avis.
Skremmande
Bebuarane i dei vestre delane av Løytnant Lems veg og Kringlevegen var naturleg nok særs oppskaka over hendinga.
– Heile huset rista, noko slikt har eg aldri opplevd tidlegare, seier Sverre Hovland, som har budd her i over ein mannsalder.
– Eg tenkte berre på borna, og at me måtte komma oss ut. Dette var ei skikkeleg skremmande oppleving, seier Anita Jacobsen.
Det skal etter det Sogn Avis kjenner til stå etter måten bra til med familiefaren og dei to borna som bur i huset. Desse forlet staden raskt etter og vart teken hand om av familie. 19 personar, mellom dei fleire born, vart evakuert ved 01.30-tida.
– Dei fleste bebuarane har søkt ly hjå vener og familie, medan ein er blitt innkvartert på hotellet, opplyser lensmannsbetjent Gunnar Brevik til Sogn Avis, og legg til at det var nære på.
– Utriveleg nære på, var det.
Ventar på geolog
Ved 02.30-tida var vakthavande overbefal, Arne Kjos, i ferd med å kalla saman kriseleiinga i kommunen. Brannsjef og leiar i kommunalteknikk, Jan Roy Dalheim, opplyser at det no handlar om å få oversyn over massane som ligg att oppe i fjellsida, og vonar det er mogleg å få tak i geolog så snart som råd.
– Eg har registrert at fylkeskommunen ikkje lenger har geolog, men eg vonar me kan få tak i nokon som kan koma og vurdera stoda så raskt som mogleg, seier han.
Nyhende Dronninga vitja torsdag Ornes der ho mellom anna deltok i gudsteneste i stavkyrkja og planta pommetre. Les meir og sjå bilete
Nye kommentarar