...
MIDT I BYGDA: Produksjonen er sett til 800 husstandar. Foto: Sigrid Svartefoss

Kraftverk midt i bygda

Utnyttar vatnet to gonger.

Sigrid Svartefoss E-post
Publisert 22.11.2009 kl 12:00 Oppdatert 22.11.2009 kl 12:03

Tips ein venn på e-post:


– Pengane kling i kassa. Det er stillegåande aggregat, men litt lyd vert det, seier Rein Huseby, styreleiar i Luster småkraft, og administrerande direktør i Småkraft AS, som før helga stod for den offisielle opninga av Kvåle kraftverk i Luster.

Lite, men omfattande

Kraftverket ligg mellom hus, butikk og Luster omsorgsenter. Støy og estetisk utforming har vore viktig på grunn av den sentrale plasseringa midt i bygda.

Kraftverket nyttar fallet i den nedste delen av Dalsdalselvi ned mot fjorden i Luster. Nedbørsfeltet er stort til å vera eit småkraftverk. Vatnet vert utnytta to gonger, først i Sage kraftverk lengre oppe i Dalsdalen, og så i Kvåle kraftverk.

– Til å vera eit småkraftverk er det eit omfattande kraftverk. Her er bygd ein 910 meter lang tunnel frå inntaket på Dalsdalselvi, og den nedste til kraftstasjonen er det grave ned ei 290 meter lang røyrgate. I kraftstasjonen står to turbinar som til saman kan produsera 5,1 MW, seier Berhard Strand.

Skaper verdiar

– Eg håpar å få sjå mange slike steinvegger rundt om i bygdene, seier Rein Huseby. Han framhevar det store potensialet som er i Sogn og Fjordane og Luster kommune til å byggja ut småkraftverk.

– Luster er den kommunen i landet som har størst potensial når det gjeld småkraftverk. Utbygginga av kraftverket her er heilt i tråd med kommunen sine krav. At verdiane vert verande i kommunen tel mykje, sa jordbrukssjef Steinulf Skjerdal under opninga.

800 hussstandar

Kvåle kraftverk fekk konsesjon hausten 2006, og arbeidet med kraftverket byrja hausten 2007. Anlegget har produsert elektrisk kraft frå våren 2009.

Kvåle kraftverk er bygd ut av Luster Småkraft AS, som deler overskotet med grunneigarane. Grunneigarane stiller fallrettar og areal til disposisjon for prosjektet. Luster Småkraft AS er likt eigd av Luster Energiverk AS, lokalt energiverk som har satsa lokalt på småkraftutbygging, og Småkraft AS, den nasjonalt største aktøren innan småkraftverk. Dette gjev ein estimert produksjon på 17,6 GWh, tilsvarande forbruket til kring 880 husstandar.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.