...
FREDAR: Riksantikvaren var på synfaring tidlegare i år, no set han foten ned og varslar freding av smia i Vik. Foto: Arkiv

Smia blir fredingssak

Riksantikvar Jørn Holme har vurdert verdien av bygget i Vik og fredar det truleg.

Terje Eggum E-post
Publisert 18.11.2009 kl 12:52 Oppdatert 18.11.2009 kl 12:52

Tips ein venn på e-post:


Den gamle smia i Vik sentrum blir truleg freda. Det synes vera klart etter at riksantikvar Jørn Holme har vurdert verdien av bygget.

Dermed kan den mykje omtala byggjesaka i Vik få ei dramatisk vending.

Sognekraft har teke sikte på å reisa det nye administrasjonshuset sitt på nabotomta, og tomta der smia står, er utbyggingsreserve. Framdrifta for det nye sentrumsbygget har difor vore knytt opp til den framtidige lagnaden til smia. No ser det ut til at smia skal stå. Riksantikvaren seier det slik til Sogn Avis:

– Me har vurdert smia i Vik, denne er av nasjonal verdi og bør vernast for ettertida.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.