...

Vil hjelpa uføre attende i jobb

Nav set i gang fleire tiltak.

Publisert 14.11.2009 kl 13:23 Oppdatert 14.11.2009 kl 13:23

Tips ein venn på e-post:


I Sogn og Fjordane er over 1500 arbeidsuføre på grunn av psykiske helseproblem. Mange av dei vil i arbeid og no introduserer NAV Sogn og Fjordane ulike tiltak som skal hjelpe arbeidsgjevarar med å rekruttera utradisjonelt.

Garanti

Nye tal frå NAV viser at 17 prosent av sjukefråveret i Sogn og Fjordane skuldast psykiske helseproblem. Undersøkingar viser at det å ha ein jobb å gå til, gjer oss friske. Det gjev oss noko viktig å gjera i kvardagen, og ei kjensle av meistring.

No styrker NAV arbeidet med å hjelpa arbeidsgjevarar til utradisjonell rekruttering, og å losa arbeidstakarane inn i jobb.

– Me erfarer at mange som er arbeidsuføre gjerne vil jobbe, og vi gjer det vi kan for å legge til rette, seier Vibeke Johnsen, som er ansvarleg frå NAV Sogn og Fjordane for gjestebodet 17. november. Fleire tiltak er sett i verk i fylket for å hjelpa personar med psykiske helseproblem inn i arbeidslivet, og arbeidsgjevarar til å leggja til rette for inkluderande rekruttering. Blant desse kan ein nemna oppretting av ei eiga stilling som fylkeskoordinator for arbeid og psykisk helse, som hjelper arbeidsgjevarar og arbeidstakarar i rekrutteringsprosessen. Nav Sogn og Fjordane stiller no også med den såkalla tilretteleggingsgarantien til arbeidsgjevarar som tilsett personar på tiltak. Dette garanterer arbeidsgjevarane hjelp frå NAV, når det gjeld økonomisk, fysisk og psykisk tilrettelegging.

– Me i Nav Sogn og Fjordane er med dette førebudd på å gjera vår del av jobben med å få fleire ut i arbeid, seier Johnsen.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.