...
LA FRAM RAPPORT: Stein Bondevik konkluderer med at Tenold er ueigna for bustadbygging. Bebuarane fekk rapporten torsdag kveld.

Kuttar ut Tenold

Skredundersøkinga på Tenold konkluderer med at området er ueigna for vidare bustadbygging.

Publisert 13.11.2009 kl 17:32 Oppdatert 13.11.2009 kl 17:32

Tips ein venn på e-post:


Stein Bondevik og Rune Aa har på oppdrag for Vik kommune vurdert skredfaren på Tenold eit par kilometer søraust for Vikøyri.

Geologane la torsdag kveld fram konklusjonen for eit 30-tals bebuarar som bur i området.

Storskred i 1897

Rapporten baserer seg i stor grad på eit større skred tidfesta til 1897.

– Me er nøydd til å ta høgde for at same type ras og omfang kan koma på nytt og må takast omsyn til i framtidige arealdisponeringar. Eitt ras per 1000. år gir for høg risiko med tanke på bygging. Difor er konklusjonen vår ganske klar. Me frårår at fleire hus blir bygde på Tenold, sa Stein Bondevik.

Geologane har i tre punkt grave seg ned to meter ved hjelp av gravemaskin, strukturen på sjikta nedover i desse gropene dannar bilete av scenariet for over 100 år sidan. Restar etter bjørketre og større steinblokker som har geologisk referanse til høgfjellet er med og avslører dimensjonane over storskreda.

Tiltak

– I terminologien vår kallar me dette for dreneringsområde og er 45 gonger større enn elvevifta nest i rasområdet, seier Bondevik og peikar på oversiktsbiletet med Tenold austover mot Hjorthaugranao i 1.000 meters høgde. Problemområdet er på 7.5 kvadratkilometer.

– I dette tilfellet er skilnaden mellom drenering og vifte enormt stor og vil med 30 millimeter nedbør over seks timar gje ei vassføring på ni kubikkmeter i sekundet. Det er mykje!

Geologen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane ser for seg sikringstiltak i området og elveførebygging langs Vetlaelvi.

– De må ikkje gå herifrå med den innstillinga at rasfaren er veldig stor på Tenold. Det er sannsynlegvis farlegare å reisa på øyri med bil enn å bu der de gjere. Rapporten baserer seg på eit lovverk som me må ta omsyn til, sa Stein Bondevik.

Opphausa

Bebuarane tok konklusjonen i rapporten med fatning.

Rasfaren blir opphaussa nett som med svineinfluensaen! sa Sture Tenold.

Han er ein av naboane til Vetlaelvi som var rekordstor i november i 2005.

– Samanhengen mellom store nedbørsmengder og ras, er stor. Difor må elva vera av ein slik karakter at den kan ta unna, sa Bondevik som oppmoda bebuarane om halda eit auga med elveløpet og tilgrensande område.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.