...
PLATESLEPP: The Generous Days, med tre sogningar og ein nordfjording, slepper debutalbumet sitt måndag 23. november. Foto: Pressefoto

Klare med debutalbum

Ei lang reise nærmar seg slutten for The Generous Days.

Birthe Johanne F. Finstad E-post
Publisert 11.11.2009 kl 10:37 Oppdatert 11.11.2009 kl 13:35

Tips ein venn på e-post:


Måndag 23. november er det endeleg klart for sleppfest for debutalbumet til The Generous Days.

Det har fått namnet "These are The Generous Days", og bandet inviterer til gratis sleppfest på rockeklubben Mono i Oslo. Der vil dei framføra låtar frå den nye plata, selja plater – med valfri signatur – og nytrykte t-skjorter.

På festival

Sommaren 2008 kom EP-en "Fireworks", og sidan då har bandet spelt mange konsertar og på fleire festivalar rundt omkring. Mellom anna var dei ein del av Underwood-programmet på Norwegian Wood i Frognerparken i juni.

Slik har publikum alt fått høyra fleire av låtane på den nye plata, blant anna allsongfavoritten "Carolina", med det lett gjenkjennelege na-na-na-refrenget.

Eige plateselskap

Plata vert utgjeven på eige plateselskap, Generous Days Records, med distribusjon gjennom Musikkoperatørene, som er den største av dei uavhengige distributørane i Noreg.

På nyåret planlegg bandet òg ein nasjonal sleppturné med sognadialektrockebandet Tyyl!.

The Generous Days er samansett av Erik Grov frå Jostedalen, Eirik Kristensen frå Hornindal, Per Christian Grov frå Borgund og Gunnar Husabø frå Leikanger.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.