...
VASSMAK: Jon Hopperstad kjøpte pils, men på flaska var det vatn - Eg har aldri vore borti liknande, seier 68-åringen. Foto: Gunnar Kleven

Kjøpte øl – fekk vatn

Uheldig øl-kjøpar.

Gunnar Kleven E-post
Publisert 02.11.2009 kl 17:40 Oppdatert 03.11.2009 kl 11:23

Tips ein venn på e-post:


Laurdagskosen vart ikkje nett slik Jon Hopperstad hadde tenkt seg. Pilsflaska inneheldt reint vatn.

– Eg vart lang i maska – kan du vita, seier 68-åringen.

Utan farge

– Eg ville kosa meg med den siste flaska som stod i kjøleskåpet. Korken vart skrudd av og glaset fylt opp. Fargen stemde slett ikkje og det var fint lite med skum. Innhaldet var rett og slett reint vatn. Når eg tenkte meg litt om, var forseglinga på korken broten, seier Jon Hopperstad.

Fekk ny flaske

– Kva tenkte du?

– Eg var galen akkurat med det same og har aldri i mine levedagar opplevd liknande. No ler eg av episoden.

Alvorleg

Nicolay Bruusgaard i Ringnes har ikkje noko presist svar på episoden i Vik.

– Det kan ikkje ha skjedd på tappelina vår. I dette tilfellet trur eg på gutestrekar, seier han og legg til:

– Det kan óg vera snakk om sabotasje på vårt produkt og då blir det straks ei meir alvorleg sak, seier kommunikasjonssjefen.

Ringnes kunne gjeve eksakt svar med analyse av innhaldet.

– Det er lite me kan gjera når forseglinga er broten, seier Nicolay Bruusgaard som aldri har høyrt om liknande historie.

Les meir om denne saka i Sogn Avis i dag.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.