Nettrevolusjon for slektsgranskarane.
|
Keth Øren
E-post
|
|
| Publisert 01.11.2009 kl 20:02 Oppdatert 01.11.2009 kl 20:02 |
Slektsgranskarane møttest til den årlege slektsforskar dagen på museet på Vestreim laurdag. Å læra å søkja i dei mange databasane på nettet står høgt på agendaen.
Statsarkiva
Internett har gjort slektsgransking til noko heilt anna enn for 20 år sidan. Før måtte ivrige forskarar sitja på statsarkiva og leita gjennom ulike kjelder, som kyrkjebøker og folketeljingar, eller bestilla kopiar. No kan dei fleste koma langt i granskinga heime i eiga stove, framfor PC-skjermen.
– Det har kome mykje på nettet, spesielt på Digitalarkivet. Dei har så og seia skanna alle kyrkjebøkene, seier Ottar Solberg, ansvarleg for slektsforskardagen.
Det er slektsgranskarforeininga DIS-Norge som står for tiltaket.
Mange kjelder
Digitalarkivet er ei nettside driven av Arkivverket. Der kan alle leita gjennom ulike folketeljingar. Ein kan og søkja i ulike register, som manntal, domsakter, skifteprotokollar, matriklar og jordebøker, og emigrantregister berre for å nemna nokre. Nokre kyrkjebøker fins som databasar, men mange er berre skanna.
– Då treng ein å læra litt om gotisk skrift, for desse er direkte kopiar av dei handskrivne sidene, seier Solberg.
Dei mange dataprogramma innan slektsgransking gjer det lett å leggja inn alle namn og registreringa, og brukarane kan skriva ut mange rapportar og slektstavler. Solberg har sjølv over 13.000 namn på datamaskina.
Nyhende Dronninga vitja torsdag Ornes der ho mellom anna deltok i gudsteneste i stavkyrkja og planta pommetre. Les meir og sjå bilete
Caught DataFetcherException (no.api.datafetcher.DataFetcherBlackListException: URL http://origo.no/-/excerpt/get/1125/?output_as=fragment&layout=250px is blacklisted)
ocurred while accessing:/componada/component/show-esi/normal/section/element/www.sognavis.no/105/4466525/medium/sec/element250/_/(servlet: componada)
no.api.datafetcher.tags.ImportTag.doEndTag(ImportTag.java:115) org.apache.jsp.tag.web.modules.section.includeOrigo_tag._jspx_meth_adf_import_0(org.apache.jsp.tag.web.modules.section.includeOrigo_tag:1644) org.apache.jsp.tag.web.modules.section.includeOrigo_tag._jspx_meth_c_if_0(org.apache.jsp.tag.web.modules.section.includeOrigo_tag:1602) org.apache.jsp.tag.web.modules.section.includeOrigo_tag.doTag(org.apache.jsp.tag.web.modules.section.includeOrigo_tag:149) org.apache.jsp.tag.web.modules.section.includeContent_tag._jspx_meth_module_includeOrigo_0(org.apache.jsp.tag.web.modules.section.includeContent_tag:428)