...
EIGA SONGBOK: Olav Stedje signerer songboka til fans i Bergen. Foto: Aslak Høyersten

Signerte eiga songbok

50 av Olav Stedje sine songar er no samla mellom to permar.

Jan Inge Fardal E-post
Publisert 19.10.2009 kl 10:18 Oppdatert 19.10.2009 kl 10:22

Tips ein venn på e-post:


I Bergen, av alle stadar, valde Skald å presentera Olav Stedje si songbok rett før helga.

Vestlandstrubadur nummer ein er fødd og oppvaksen i Sogndal, men allereie tidleg på åttitalet var det soleklart at denne stemma og dette talentet måtte ut til resten av landet, melder forlaget.

Klassikarar

Han debuterte med slageren «Vi vandrar saman» i 1981, og suksessen var sikra. Framleis vert songar som «Ta meg med» og Sogndal sin fotballsong «Stao no pao» mykje spelte på radioen, og det ser ikkje ut for at trenden har tenkt å snu.

«Då er det på høg tid at også andre kan få framføra yndlingssongane sine, og difor gir Skald forlag no ut «Syng meg heim», ei samling med 50 Stedje-klassikarar», heiter det frå Skald.

God stemning

– Då forlagssjef Lars Nes på sist årsmøte nemnde at det kanskje var ein idè å laga Stedje-songbok, vart det skikkeleg godstemning og stor ståhei. Klart me måtte laga Stedje-songbok! seier redaktør Brit Aksnes.

Fleire av songane er skrivne for Stedje spesielt, og låtskrivarar frå Ivar Dyrhaug til Ivar Medaas er representerte i boka. Superhiten «Vi vandrar saman» er skriven av produsent, gitarist og ven Svein Dag Hauge, medan landeplagen «Ein nordmann sin draum» opprinneleg er ein Rodney Crowell-låt, nydeleg gjenskriven på breitt sognamål av Stedje sjølv.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.