Fleire delar av kulturlivet i Sogn og Fjordane får auka løyvingar over statsbudsjettet.
I framlegget til statsbudsjett for 2010 kjem ein auke på 1,5 millionar kroner til musea i Sogn og Fjordane.
Dei fem musea Sogn Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Nordfjord Folkemuseum, Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Sunnfjord Museum er no samla i eininga Musea i Sogn og Fjordane.
Den totale løyvinga over kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett til Sogn og Fjordane i 2010 er på 47,3 millionar kroner.
Opera og teater
Tilskotet til Opera Nordfjord aukar med 500.000 kroner til 2,9 millionar kroner, som mellom anna skal styrkja den kunstnarlege verksemda.
Sogn og Fjordane Teater vil få ein auke i tilskotet på 1,5 millionar kroner. Dette skal styrkja den kunstnarlege verksemda og dekkja auka pensjonskostnader. Tilskotet for 2010 vil verta i underkant av 15,8 millionar kroner.
Tilskotet til Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er også auka, heiter det i ei pressemelding frå kultur- og kyrkjedepartementet.
Nye kommentarar