...
UTSTOPPING: Monicha Landøy skal stoppa ut fjærlandsbamsen. Ho reknar med at heile utstillinga skal vera klar i løpet av nokre veker. Bjørnen som står bak er ein russar.

Stiller ut fjærlandsbamsen

Bamsen som vart skoten på breen i fjor, skal stillast ut i ei blodig utstilling.

Jan Egil Fimreite E-post
Publisert 12.10.2009 kl 10:29 Oppdatert 12.10.2009 kl 12:59

Tips ein venn på e-post:


Monicha Landøy er i full gang med utstopping av bjørnen og reknar med å ha bamsen klar til utstilling i løpet av nokre veker.

– Eg har byrja å jobba med skinnet og startar monteringa onsdag, seier Landøy.

Utradisjonell

Og montasjen blir utradisjonell i den forstand at bamsen skal liggja død i snøen, med blod og det heile. Det har gjort montasjearbeidet vanskeleg.

– Ja, eigentleg. Det blir litt spesielt. Det vanlege er at bjørnen står på to eller fire med open munn og synlege tenner. Ei anna utfordring er snøen, me skal laga ein sokkel som ein del av breen. Me skal også ha eit bilete av breen i bakgrunnen.

Utstillinga er også meint som ei motvekt til oppslaga om blodige sauer og andre husdyr som er drepne av bjørn.

– No er det ein blodig bjørn folk vil få sjå.

Bjørnen skal liggja slik at dei som besøkjer musea kan få ta på han og kjenna på pelsen. Kraniet skal også plasserast på ein monter som ein el av utstillinga.

Vandreutstilling

Utstillinga skal vera lett å flytta på, sidan den går som ei vandreutstilling mellom dei fire musea i fylket, Sogn Folkemuseum, Sunnfjord Museum, Kystmuséet i Florø og Nordfjord Museum på Sandane. Styrar Gunnhild Systad ved Sunnfjord Museum seier det er fyrste gong dei lagar ei slik utstilling i lag.

– No er me eitt museum, og dette blir vårt felleseige, seier ho.

Utstillinga skal også formidla historia rundt denne bjørnen og bjørnen si soge i historisk tid. Den naturhistoriske sida skal også med.

Utstillinga blir laga i samarbeid med NaturExpo.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.