...
STERKT TEAM: Lorraine Thompson, til venstre, og Simone Stibbe, raida Costa Blanca på ti dagar, resultat: 6.800 bilete som no er kokt ned til 300 i skaldboka Costa Blanca, 53 opplevingar.

Fanga det ekte Costa Blanca

Ti dagar – 6.800 bilete – ei bok.

Publisert 11.10.2009 kl 19:25 Oppdatert 12.10.2009 kl 08:14

Tips ein venn på e-post:

...
BREITT FOKUS: Fotografen Lorraine Thompson i sving på Costa Blanca, ikkje noko var for lite, eller for stort, til å bli med på skaldfotografen sitt minnekort. Foto: Simone Stibbe

Mindre enn eitt år etter at Lorraine Thompson kom til Leikanger, er Skald Forlag ute med Costa Blanca, ei bok stappfull av Lorraine sine bilete, tekne under eit ti dagar langt opphald i Spania på førsommaren.

– Det har blitt mange bilete, eg var heilt overvelda då eg sat med boka i handa, seier Lorraine og smiler lukkeleg over resultatet.

6.800 bilete

Sist torsdag var fotografen og forlagshuset i Oslo for å lansera den nye boka.

Costa Blanca følgjer opp Gran Canaria, bøkene som fokuserer på eit Syden mange nordmenn har eit tett forhold til. I daglege økter på 12-14 timar reiste skaldteamet rundt på Costa Blanca. Oppdraget var å fanga det spanske livet, frå Valencia i nord, via Alicante til La Manga i sør.

– Kor mange bilete blei det?

– 6.800, men etter ein grov gjennomgang blei materialet redigert ned til 2200, seier Lorraine Thompson, som til slutt kunne telja opp 300 bilete i den fargerike boka.

I teamet inngjekk også forfattaren, Jon Henriksen, og forlagsredaktøren, Simone Stibbe.

Tretten portrett

Boka om Costa Blanca er bygd på 53 opplevingar som igjen er seksjonert i fem delar. Eit kart over regionen viser kvar dei tre gjorde stogg. Allereie første dagen kom dei på ideen om å ta i bruk svart-kvitt. Det har resultert i tretten portrett, menneske frå 11 til 80 år.

– Dei er tilfeldige personar me møtte på gata eller på stranda, seier Lorraine.

Måtte kasta om

Det var Simone Stibbe som oppdaga den talentfulle fotografen frå York, som til dagleg jobbar med shipping i Leikanger.

Lorraine Thompson blei henta inn sist vinter for å levera bilete til avisa som skulle profilera Saften og «nye» Leikanger. Mange la merke til at dette var ein fotograf med eit anna auge på folk, landskap og bygningsmiljø.

– Det gav seg sjølv at ho måtte med på Costa Blanca-boka, seier Simone.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.