...
DOBBELTSIDET: Eplemosten frå Amble gård på Kaupanger stakk av med både første- og andreplassen i tevlinga om å verta den beste eplejusen på Vestlandet.

Sognajusen er best i vest

Sogningane gjorde reint bord då den beste eplejusen på Vestlandet skulle kårast.

Hanne Stedje E-post
Publisert 08.10.2009 kl 10:10 Oppdatert 08.10.2009 kl 10:10

Tips ein venn på e-post:

...
GULL OG SØLV: Ingebjørg Heiberg og Amble gård på Kaupanger stakk av med dobbeltsiger i konkurransen om å laga vestlandets beste eplejus.

Det var under den årlege Siderfestivalen i Øystese at kåringa fann stad. Heile 21 produkt var med i konkurransen, elleve av dei frå Sogn og ti frå Hardanger.

Gildast av dei alle etterpå var nok Ingebjørg Heiberg ved Amble gård på Kaupanger, som stakk av med både første- og andreplass. Gullmedaljen gjekk til den økologiske juicen laga på eplesorten Discovery, medan sølvet gjekk til jusen som er laga av økologiske Idunn-eple.

Eplemost

– Kjempemoro, rett og slett, ein kan vel ikkje seia anna. Det er sjølvsagt veldig moro å koma så høgt opp i konkurranse mot store produsentar som til dømes Lerum, men no er det jo ikkje slik at me konkurrerer. Me driv i ein heilt annan skala, men det er verkeleg kjekt å sjå at me har god kvalitet samanlika med dei store, så som Lerum og Balholm, seier Heiberg.

Ho føretrekkjer å kalla det eplemost framfor jus.

– Omgrep som jus og most blir kanskje brukt litt om kvarandre, men det siste er kanskje litt meir gammaldags. Me brukar i alle fall å seia at me produserer most her hjå oss, seier Heiberg, som byrja produksjonen då ho la om til økologisk frukthage for seks år sidan.

Sidan då har ho, med litt slingringsmonn, produsert nokon tusen liter i året.

Lerum på tredjeplass

Saftgiganten Lerum kom på tredjeplass i konkurransen, bak småskalaprodusenten frå Kaupanger, men depper ikkje av den grunn.

– Me er veldig nøgd med å komma så høgt opp i ei kåring med så mange deltakarar og gratulerer sjølvsagt Ingebjørg Heiberg og Amble med ei kjemperesultat, seier kvalitetsdirektør for forsking og utvikling ved Lerum, Merete Lunde.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.