...
REDDAR LIV: Morten Mosdal (t.h), Tom Nicklas Sand og Arne Henriksen gjer det dei kan for å redda livet til øvingsdokka med namnet Brad. ? Utruleg flott at Hydro investerer så mykje i tryggleiken for dei tilsette, er deira konklusjon. Beredskapsleiar Steinheim observerer saman med instruktør Morten Aardal og Kenneth Rosted (t.h). Foto: Hanne Stedje

Ei hjartesak for Hydro

Truleg ei av dei best utstyrte og tryggaste verksemdene i landet.

Hanne Stedje E-post
Publisert 07.10.2009 kl 14:36 Oppdatert 07.10.2009 kl 14:39

Tips ein venn på e-post:


Hydro i Årdal går til innkjøp av ti nye hjartestartarar og vert med det truleg ei av dei best utstyrte og tryggaste bedriftene i landet.

Det meiner Morten Aardal i selskapet SOS Total safety as, som leverer utstyr og står for instruksjon i verksemder i industrien, på institusjonar og i andre offentlege bygg landet over.

Imponert

– Hydro kjem til å bli best i landet når det gjeld hjartestartarar. Ingen andre stader er det så tett mellom startarane, og ingen andre stader har me sett at det vert satsa så grundig på dette området. Eg tør vedda på at det ikkje finst ei verksemd i landet som kan konkurrera med dette, seier Aardal, som har over 15 år bak seg redningstenesta i Sandnes, der han framleis jobbar når han ikkje instruerer.

I desse dagar vert ti nye hjartestartarar kjøpt inn og plassert rundt om i Hydroystemet i Årdal og Aardal er i bygda for å kursa godt over hundre tilsette i å bruka utstyret.

Tett i tett

– Me har hjartestartarar på stasjonane våre, ein i Øvre og ein på Tangen, det har me hatt i mange år, men det seier seg sjølv at det blir noko heilt anna når me no får ti til og at desse blir fordelt utover i systemet, seier beredskapsleiar Inge Steinheim.

Han byrja å jobba med dette då han saman med beredskapskollega Roy Schultz var på ein konferanse på austlandet for ei tid attende.

Der møtte dei tidlegare verksdirektør Leif Hellebø, som no er HMS-sjef for heile organisasjonen og snakka varmt om temaet hjertestartarar. Sidan har beredskapen i Årdal fått løyve til å handla inn utstyr for over 150.000 kroner.

Dei ti hjartestartarane skal no plasserast ut i elektrolysehallane, på teknologisenteret, i støyperiet og i andre delar av Hydro sin organisasjon i Årdal.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.