Rettar seg mot sporty passasjerar.
– Slik det er no, er det 13 skip som har booka seg inn til Skjolden sommaren 2010, men det kjem og går ein del enno, seier Iren Vatne, reiselivssjef i Sogndal og Luster.
Ho reknar med ei meir fullstendig oversikt ligg føre rundt jul. Rundt juletider skal det nye kaianlegget vera ferdig òg.
Håper på større
Gjennomsnittleg er det rundt 800 passasjerar på kvar båt. Men på sikt håper ho Skjolden kan vera attraktivt også for større båtar, med plass til rundt 1500-2000 passasjerar.
Vatne jobbar no med å selja inn Skjolden som destinasjon for 2011 og framover. Ho trur det blir lettare for bransjen å velja Skjolden når heile cruiseanlegget er på plass, og er optimist med tanke på to år fram
– Slik det er no har eg med meg foto av bygginga, så interessentane kan sjå anlegget blir noko av. Når eg presenterer staden ute i verda, får eg ofte høyra: «kvifor har de halde denne staden hemmeleg?», fortel ho.
Sporty passasjerar
Det er lenge sidan cruiseturistar berre var eldre damer med lilla hår. Vatne opplever marknaden er positiv til destinasjonen Skjolden, og stadig fleire av passasjerane vil gå i land.
– Før var det mest eldre folk. No er det fleire og fleire friluftsinteresserte, mange nyttar turstiane i nærområdet. Vatne fortel at mange familiar og grupper ynskjer å gå i land, fleire legg også ut på kajakktur.
– Det skulle ein kanskje ikkje tru når dei kjem med båt, men dei vil på fjorden, padlar rundt båten til dømes, seier Vatne.
Nye kommentarar