Ber kommunane skjerpa seg

– Ille at nesten halvparten ikkje veit at dei har rett på juridisk rådgjeving hjå kommunen.

Keth Øren E-post
Publisert 27.09.2009 kl 19:17 Oppdatert 28.09.2009 kl 09:38

Tips ein venn på e-post:

...
VITJA SAFTEN: Kommunalministeren Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) var imponert over juristtettleiken i Sogndal-Leikanger, der Merete Myklebust høyrer til. Men Kleppa er mindre imponert over norske kommunar når det gjeld juridisk rådgjeving.

Nyleg fekk kommunalminister Magnhild Kleppa i fanget ein undersøking som Norges Juristforbundet har gjort på eige initiativ, og som avdekte at svært få veit at dei kan få juridisk rådgjeving hjå kommunane.

– Det er alarmerande tal, og det er ille at folk ikkje veit at dei har krav på juridisk rettleiing, seier Kleppa.

– Dette går utover rettstryggleiken til folk, seier Merete Myklebust, prosjektleiar for juristane sin stand på Leikanger.

Vitja Leikanger

Laurdag vitja kommunalministeren juriststanden på Saften. Juristforbundet hadde stand fleire stader over heile landet i samband med juristdagen, og Kleppa var invitert til arrangementet. Sidan Kleppa var på slektsbesøk i Leikanger - ho har ein svoger her - fall valet på standen til juristane i Sogndal-Leikanger.

Kleppa fortel at regjeringa har vore oppteken av gjeldsrådgjevinga, spesielt i finanskriseåret, og legg vekt på at det er viktig med hjelp tidleg. Kommunalministeren har òg hatt møte med Dag Terje Andersen og Forbrukarrådet.

– Me skal setja oss ned saman og sjå kva me kan bidra med, seier Kleppa, som er klar på at kommunane har eit stort ansvar.

– Om dei ikkje kan halda seg med eigen kompetanse, så må dei samarbeida over kommunegrensene. Dei har óg nettsider dei kan leggja ut informasjon på, seier Kleppa.

Må bli betre

Retten gjeld gjeldsrådgjeving, skule og eldreomsorg. Det kan konkret dreia seg om rett til spesialundervisning eller klage på avslag på sjukeheimsplass.

9 av 10 personar seier at deira kommunar er «svært dårleg» eller «dårleg» til å opplysa om at dei tilbyr juridisk rettleiing. Kommunane har plikt til å opplysa om dei juridiske tenestene dei tilbyr innbyggjarane.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.