– Meir enn berre støy

Festivalsjefen vil endra folk si oppfatning av festivalen.

Birthe Johanne F. Finstad E-post
Publisert 25.09.2009 kl 09:58 Oppdatert 25.09.2009 kl 15:01

Tips ein venn på e-post:

...
JENTEBAND: Jane Helen var eitt av banda som spelte på Meieriet under Støy-festival. Foto: Bjørn Magne Slinde

Støy-festivalen

...

Støy-festival vart arrangert på Meieriet førre helg, og rundt 300 løyste billett til konsertane.

Festivalsjef Lasse Bødal fortel at han i og for seg er nøgd med det, men han meiner mange fleire burde ha teke turen.

Variert program

– Eg skulle ønskja det kom meir publikum, først og fremst for banda sin del. Problemet er at folk trur dette er noko anna enn det faktisk er. Dei trur det er ein rein metallfestival og at det er berre skriking, men slik er det ikkje, understrekar Bødal.

Han fortel vidare at blant dei 18 banda på årets festival var det to metallband, elles plasserer han artistane i sjangrar som pop, rock, punk og singer/songwriter.

– Den yngste artisten var berre elleve år, og bandet som opna festivalen fredag er samansett av 12- og 13-åringar og spelar sjølvlaga hardpop, seier festivalsjefen, som håpar å endra folk si oppfatning av festivalen før neste års festival.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.